REFRACTIVE LENS EXCHANGE
Linsebyte (RLE)
RLE er ein type linsekirurgi der den naturlege linsa i auget blir erstatta med ei kunstig linse.
INNFØRING
Kort forklart
RLE står for Refractive Lens Exchange. Metoden kan mellom anna vere aktuell ved alderslangsyntheit for dei som ønskjer eit alternativ til briller.
Under behandlinga blir den naturlege linsa fjerna og erstatta med ei kunstig linse. Teknikken har likskap med operasjon for grå stær, men bakgrunnen for inngrepet kan vere ulik.
METODE
Ulike linsetypar
- Det finst fleire typar kunstige linser, mellom anna multifokale linser, som kan gi syn på ulike avstandar.
- Kva linse som kan vere aktuell, avheng av undersøkinga og forventningane til den enkelte.
- Under forundersøkinga blir det vurdert kva linsetype og behandlingsmetode som kan passe.
VURDERING
Før ei eventuell behandling
Forundersøkinga dannar grunnlaget for å vurdere om RLE er aktuelt, og kva linsetype som eventuelt kan passe.
Faktorar som alder, synsbehov og augehelse inngår i vurderinga av om RLE kan vere aktuelt.
Les om forundersøkingTRYGGLEIK
Viktig å vite
Utskifting av den naturlege linsa er eit kirurgisk inngrep. Det kan vere både risiko og avgrensingar ved val av linsetype.
Nokre kan oppleve lysringar rundt lyskjelder eller andre synsforstyrringar. Dette, og andre moglege komplikasjonar, er viktige tema før ei eventuell behandling.
SPØRSMÅL
Vanlege spørsmål
Kva betyr RLE?
Forkortinga står for Refractive Lens Exchange, altså eit synskorrigerande linsebyte.
Er RLE det same som operasjon for grå stær?
Inngrepa har liknande teknikk med utskifting av linsa, men grunnen til operasjonen er ikkje nødvendigvis den same.
Korleis blir linsetype vald?
Linsetype blir vald etter målingar og vurderingar under forundersøkinga. Ulike alternativ kan vere aktuelle for ulike synsbehov.
SPØR KLINIKKEN
Har du spørsmål om linsebyte (rle)?
Klinikken kan gi deg meir informasjon om behandlinga og om forundersøking.